Uthjort!

Det vart ikkje felling på Goddo i år! Morten Katla & co har brukt mange timar i terrenget (30-40 turar?), men etter fire observasjonar dei første dagane, har ein ikkje
sett dyr i valdet.  På Goddo skal ein verkeleg ha flaks for å få uttelling!

Trøstebilde; Morten og Trygve deler 2010-bukken.

Harejakta opnar no!

For nyutdanna jegrar (kurs i 2010 eller 2011) vert det høve til å kjøpe jaktkort for hare ut sesongen (til siste februar 2012). Pris kr. 100,-, og erfarne jegrar med hund blir med deg. Fem harar kan fellast totalt, og maks. to pr. jeger.
Ta kontakt med jaktleiar Brynjar på 959 25 054 for vidare info og kontakt til hundeførarar.

Jaktfelt 7.september!

Det vert arrangert jaktfeltskyting på Gilje skytebane 7. september kl 17.30.

Det vert skote totalt 30 skot.   6 hold á 5 skot.
Skytestilling er 2 hold liggande, 2 hold sittande og 2 hold ståande.
Skytetid er 2 min pr. hold.
Avstandar kan vera frå 0 til 200 meter!
Påmelding kr 100,-

Premiering:  Det vert ”napp” i vandrepokal til vinneren, og gjenstandpremie for 1-3 plass..

Dette er veldig god trening til jakta! Vel møtt!

Fugl

FUGLEJAKT i Fyresdal!

Flott terreng, kr. 7.000,- pr veke inkl. hytte. Prisen delast på dei som blir med.
Rype, jerpe, orre og tiur. Bra med fugl og flott terreng!
Ta kontakt med Jan Sigve Særsten, mob. nr. 91 73 58 73 dersom interessert!

LEIRDUEBANEN BLIR TIL! Sjå Aktivitetar!

Ferie og landskyttarstemne mm. har lagt kjeppar i hjula for skytimng på baneområdet så langt, dessverre. Og no nærmar rådyr- og hjortejakta seg, så det spørs om me får til noko særleg denne sesongen. Men me prøver onsdag 10.august!

HAREJAKT 2011. Det vart opna for harejakt for førstegongsjegrar ut denne sesongen. Ein hare vart felt!


FULL KLAFF FØRSTE DAG I LAGETS VALD PÅ GODDO!
Sjå Jakt! 


Oterspor! Sjå FOTO

Mailregistrering; send ein mail til Ivar Turøy slik at me får mailadresser til flest mogleg av medlemene.

Bilete til FOTO? Send på mail til webredaktør

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.